Ledig stilling som sjukepleiar i Heimetenesta Skodje
ÅLESUND KOMMUNE · Ådalsbakken 6, SKODJE

I distriktet Skodje, har vi ledig to fast stillingar som sjukepleiar i heimetenesta, 90 % og 95 %. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3. helg. Tiltreding frå snarast. Ved overgang til årsturnus (2027) kan det vere moglegheit for høgare stillingsprosent. Verksemda har midlertidig økonomisk rekrutteringstiltak for sjukepleiarar.

Heimetenesta yt tenester til pasientar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad, dette inkluderer Ådalen Allé 6, som er omsorgsbustadar med heildøgns omsorg. Det er stor variasjon i pasientgruppa, frå relativt friske pasientar, til alvorleg sjuke pasientar som krev høg fagleg kompetanse. Heimetenesta er opptatt av å yte gode og verdige tenester til pasientar i deira eige og trygge miljø. Heimetenseta nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime.

Kontorbasen vår er lokalisert i 1 etg. på Skodje omsorgssenter. I same bygg har ein fleire sjukeheimsavdelingar, omsorgsbustadar, kontor til fysioterapeut og ergoterapeut, og kjøkken.

Det blir nytta kommunale bilar i tenesta. Desse er stasjonert i eigen carport ved kontorbasen.

Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og meir urbane strøk. I nærområdet kan ein finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og kjøpesenter like i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.

Lokalmiljøet i Skodje er godt tilrettelagt for alle aldrar. Der er barne- og ungdomsskular, fleire barnehagar, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, kor, korps osv.

Arbeidsoppgåver

Sikre at pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer

Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen)

Legemiddelhandtering, medisinsk behandling og oppfylgjing

Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar

Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar

Bidra til godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell

Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar

Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som sjukepleiar

3.års sjukepleiarstudentar kan søkje, men vert tilsett med atterhald om godkjent autorisasjon

Relevant erfaring er ein fordel

God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)

Beherske IKT-verktøy

Førarkort klasse B

Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar

Aktuelle kandidatar må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgjevar i god tid før oppstart i jobben.

Den som skal tilsetjast må stadfeste sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).

Krav om at personleg bankid eller idporten kan nyttast som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm)

Personlege eigenskapar

Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten

Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar

Sjølvstendig og samarbeidsorientert

Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Nytenkjande og endringsvillig

Personlege eigenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr

Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø

Eit støttende og engasjert kollegialt miljø

Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter verksemda sitt behov

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff

Pensjonsordning i forhold til tariff

Bedriftshelsetjeneste

IA bedrift

Kontaktinformasjon
Kristin Beate Osvoll Skodjevåg, Konstituert avdelingsleder, 918 10 445, kristin.beate.osvoll.skodjevag@alesund.kommune.no
Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no

Arbeidsstad
Ådalsbakken 6
6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5173575935
Stillingsprosent: 90, 95%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026